Varsel om planoppstart for Bøanedsetra H3-H4
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Bøanedsetra H3-H4 i Stryn kommune (gbnr 59/1, 59/6 m.fl). Forslagsstillar er Halvard Bøe og Line Bø Håheim. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur.

Planområdet er om lag 29 daa stort. Mot vest følgjer plangrensa Vikaelva, mot nordaust veg 1167. Mot sør grensar planområdet til Setrevegen. Elles følgjer plangrensa eigedomsgrensa til gbnr 59/6. Avgrensing kan verte justert i løpet av planprosessen.
Aktuelt område er i kommunedelplan for Bøanedsetra-Ullsheim avsett til fritidsbebyggelse, idrettsanlegg (skiløype) og LNRF-areal. Området er i hovudsak regulert (samla reguleringsplan for Bøanedsetra hyttegrend),men med krav om detaljregulering før det vert gjeve løyve til enkeltbygg. 

Det er gjennomført oppstartsmøte med Stryn kommune 13/03/19. Landskap, estetikk, miljøfaglege tilhøve, teknisk infrastruktur og geotekniske tilhøve er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen. 

Naboar/partar er tilskrive med eige brev.

Spørsmål eller innspel til planarbeidet skal sendast til: 
Aaland Arkitektkontor AS, Tonningsgata 42, 6783 Stryn eller e-post: post@aalark.no  Frist for innspel er sett til 21.06.19.