Varsel om planoppstart - Lindsetflata
I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr 48/5 m.fl.
Tiltakshavar for planarbeidet er Vinsrygg eigedomsutvikling AS.

Hovudformålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustader (eine- og tomannsbustader) innanfor gbnr 48/5. Arealet er pr i dag ikkje bebygd, men det er etablert leikeplass mot aust. Denne vert vidareført i planforslaget. I planarbeidet vil vi og sjå på moglegheita for å etablere busslomme for å gjere av- og påstigning på skulebussen tryggare.      

Det totale planområdet vil utgjere 9,98 daa. Plangrense kan verte justert i løpet av planprosessen. I arealdel til kommuneplanen er området vist som bustader (B112), friområde (GF103) og LNFR-areal. Planforslaget vil i hovudsak vere i tråd med overordna plan.

Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt, er avklara med Stryn kommune i oppstartsmøte 11.06.21. Tema som skal vurderast i planarbeidet er mellom anna nærmiljø, barn- og unge og geotekniske tilhøve. 

Planlagt reguleringsplan vil ikkje omfatte tiltak i vedlegg I i forskrift om konsekvensutgreiing og er i samsvar med overordna plan. Planarbeidet vert difor vurdert til ikkje å falle inn under §6 i KU-forskrifta. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Tiltaket er konsekvensutgreia i overordna plan og reguleringsplanen vil i hovudsak vere i samsvar med denne. Planarbeidet er difor vurdert til å ikkje falle inn under forskrifta §8 og vert ikkje vurdert etter §10. Med dette som grunnlag er planarbeidet vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Verknad av plan vil bli vurdert i planomtalen. 

Medverknad og høyringsfrist:
Partar i plansaka vert med dette invitert til å kome med innspel til planarbeidet.

Innspel og merknader til varsel om oppstart skal rettast til: 
Aaland Arkitektkontor AS, Tonningsgata 42, 6783 Stryn
Epost:  post@aalark.no

Høyringsfrist er sett til 03.08.21