Detaljregulering - Rustediket næringsområdet
I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er deler av gbnr 151/1, 151/3 og 151/4. Tiltakshavar for planarbeidet er Vinsrygg maskin AS.
Hovudformålet med planarbeidet er å leggje til rette for massetak (uttak av fjell), deretter næringsareal. Dette er i tråd med kommunedelplan for Langeset-Stryn-Storesunde der arealet er avsett til kombinert bebyggelse og anleggsformål (KB103 og KB104). Reguleringsplanen vil også omfatte ny vegtilkomst til Gamlesetra.

Det totale planområdet vil utgjere om lag 126 daa. Plangrense kan verte justert i løpet av planprosessen.

I arealdel til kommuneplanen er området vist som kombinert bebyggelse og anleggsformål, grønstruktur og LNFR-areal. Planen grensar til reguleringsplan for SMNP nordre del og vil erstatte deler av denne. Det aktuelle arealet er avsett til skogbruk og skogsveg og er tatt inn i planområdet for å leggje til rette for oppgradering av veg til kommunal standard. 

Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt er avklara med Stryn kommune i oppstartsmøte den 07.05.21. Tema som skal vurderast i planarbeidet er mellom anna fjernverknad, terrenghandsaming, støy og folkehelse. Avklaringar i høve sakshandsaming etter minerallova vert gjort i planarbeidet. 

Planlagt reguleringsplan vil ikkje legge til rette for tiltak innanfor vedlegg I i KU-forskrifta og er i hovudsak i samsvar med overordna plan. Planarbeidet vert difor vurdert til ikkje å falle inn under §6 i forskrift om konsekvensutgreiing. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Tiltaket er konsekvensutgreia i overordna plan og reguleringsplanen vil i hovudsak vere i samsvar med denne. Planarbeidet er difor vurdert til å ikkje falle inn under forskrifta §8  og vert ikkje vurdert etter §10. Med dette som grunnlag er planarbeid vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). Verknad av plan vil bli vurdert i planomtalen.

Medverknad og høyringsfrist:
Partar i plansaka vert med dette invitert til å kome med innspel til planarbeidet. Høyringsfristen er sett til 15.07.21. 
Innspel og merknadar kan rettast til post@aalark.no